Professor Layton

Professor Layton
SjangerGåtespel
Utviklar(ar)Level-5
Utgjevar(ar)Level-5/ Nintendo
PlattformerNintendo DS, 3DS
Fyrste spelProfessor Layton and the Curious Village (2007)
Siste spelLayton's Mystery Journey (2017)
Nettstadwww.professorlaytonds.com

Professor Layton (レイトン教授 Reiton-Kyōju) er ein dataspelserie innan gåtesjangeren som er utvikla av Level-5. Serien utgjer fem spel og ein film. Dei første tre spela i serien handlar om eventyra Professor Layton og Luke opplever saman. Dei neste tre spela og dei to filmane går bakover i tid og handlar om korleis Luke og Layton møttest i byrjinga og eventyra deira i denne perioden. Berre den første trilogien er tilgjengeleg utanfor Japan, men Level-5 har uttalt at dei skal eksportere dei andre spela og filmane etter kvart.

Kvar tittel er basert på ein serie av gåter og mysterium gjevne av dei ulike innbyggjarane i byane som hovudpersonane vitjar. Det trengst ikkje å løyse alle oppgåvene for å kome vidare, men nokre er obligatoriske, og på visse punkt i spelet må ein ha løyst eit gjeve tal oppgåver før historia skal kunne halde fram.

Serien har blitt ein av dei mest vellykka seriane til Nintendo DS, med eit totalt sal av Professor Layton-spel på 10 millionar einingar i oktober 2010.[1]

  1. Westbrook, Logan (2010-10-20). "Prof. Layton/Phoenix Wright Crossover Only For Japan, Capcom Says" Arkivert 2011-06-13 ved Wayback Machine.. The Escapist. Besøkt 2010-10-20.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy